Tenker nytt for å få ned straumrekningane

Dei høge straumprisane i 2022 var merkbare for bedrifter i Etne- og Vindafjord. Olav Granberg i Granberg Garveri er ein av fleire som utforskar tiltak for å redusere kostnadene sine.

— Me har planar om blant anna solceller og varmegjenvinning på avløpsvatn, fortel Granberg.

Han er eigar og dagleg leiar i familiebedrifta i Ølensvåg. Bedrifta er Noregs einaste industrigarveri.

I 2021 hadde Granberg Garveri til saman 838.000 kroner i straumrekningar. Året etter var desse 1,6 millionar. For eit selskap med 3,4 millionar i driftsresultat i 2021 er den auken eit stort innhogg.

— Overskotet minkar. Me får ikkje auka omsetnaden sjølv om straumprisen går opp og må ta kostnaden sjølv. Då blir det dårlegare med investeringar i framtida, seier Granberg.

Kutter der dei kan

Ein stornabo opplevde også kraftig kostnadsvekst. Med 10,7 millionar i fjor, auka straumrekningane til Westcon sitt Ølensvåg-verft med 2,1 millionar frå året før. Dagleg leiar i Westcon Group AS, Jarle Christian Sørhaug, fortel at dette ikkje har fått nokon særlege konsekvensar for Westcon Yards.

— Me prøver å kutte der me kan, men nokre oppdrag krev ein del straum, fortel Sørhaug.

Det har vore høgare aktivitetsnivå i fjor enn tidlegare, så det er prisane som driv kostnadane opp. Dagleg leiar på Go’baksten Saltnes Bakeri i Etne, Geir Jansen, fortel at dei har hatt enkeltrekningar i 2022 som har vore trippelt så høge som straumrekningane for same månad i 2021.

— Det får ikkje andre konsekvensar enn at det blir mindre i lønn til meg, seier Jansen.

Grannar 23.01.2023 - 2.jpg

Dagleg leiar Jarle Christian Sørhaug i Westcon Group AS. Pressefoto

 

Vurderer fastpris ulikt

Store svingingar med høge toppar har fått både privatpersonar og bedrifter til å vurdere å skaffe seg fastprisavtalar. Westcon sikra seg ein fastprisavtale for store delar av verftet i Ølensvåg når prisane var på eit heilt anna nivå i 2020. Dette var ein bevist strategi.

— Avtalen har halde kostnadane godt nede, seier Sørhaug.

Ikkje alle delar av Weston Group har vore like heldige. I september meldte underselskapet Olvondo AS på Rubbestadneset oppbod. Sørhaug opplyser at nesten tre gonger høgare straumkostnadar enn året før, var ein stor del av grunnen til dette.

Granberg Garveri har ikkje inngått nokon fastprisavtale ennå, men vurderer å gjere det. På Go’baksten Saltnes Bakeri har det førebels ikkje vore noko tema.

 

Grannar 23.01.2023 - 3_1.jpg

Kan bli mange solceller

Straumkostnadane har skapt større bevisstheit rundt eige straumforbruk på både garveri, verft og bakeri. Go’baksten Saltnes Bakeri har flytta lysrøyr inn i sjølve bakeriet, verftet i Ølensvåg skrur av straumen og senkar temperaturen der dei kan, mens garveriet heile tida fornyar maskinparken sin.

For Go’baksten Saltnes Bakeri, som har eit forholdsvis lite volum, er det ikkje planar om å gjere  store investeringar for å få ned straumkostnadane. Westcon og Granberg Garveri jobbar med ulike idear.

 

— Me har fått 111.000 kroner i ei støtteordning til straumsparande tiltak som solceller, og optimalisering av nye motorar og isolasjon, fortel Granberg.

Støtta føreset at prosjekta blir sett i gang innan to år. Kostnaden på desse prosjekta vil vere på fleire millionar. Garveriet har ikkje søkt Enova-støtte ennå, fordi dei fokuserer på bygginga av nytt reinseanlegg først. Westcon held på med fleire prosjekt internt, blant anna ei utgreiing av solceller på taka av dei store hallane sine.

— Varer den høge straumprisen kan det vere aktuelt, men det er store investeringar. Me vil isåfall bruke dei støtteordningar som finst, seier Sørhaug.

 

Lite imponerte

3.200 bedrifter fekk pengar frå regjeringa si straumstøttetildeling på 2,8 milliardar i desember. Granberg Garveri var blant desse, men ikkje Westcon og Go’baksten Saltnes Bakeri. Berre cirka 15 prosent av bedriftene regjeringa rekna seg fram til at var kvalifiserte for ordninga, søkte. Dette overraskar ikkje Sørhaug.

— Det var altfor komplekst å søke, det ser ein på søkartalet. Regjeringa brukte også altfor lang tid og ordninga var for dårleg, meiner han.

Både han, Granberg og Jansen omtalar staten sin innsats for å hjelpe bedriftene med å takle dei høge straumkostnadane som dårleg. Sørhaug trur makspris på straum for bedrifter er eit tiltak som ville blitt merka med ein gong av både små og store bedrifter. Granberg meiner det blir gjort for få tiltak.

— Den eine bedrifta overlever i dag og i morgon, men dette straffar seg på lang sikt, seier Granberg.