Graset er framleis grønast i Vindafjord

Publisert i Haugesunds Avis 8. januar 2018 av Sigmund Hansen.

Roald Årvik i Vikebygd har rydda og merka milevis med turstiar i nærområdet, Daniel Holten i Vikedal blei norsk meister i rallycross, Olav Granberg leiar landets einaste attverande garveri (med berre 1,48 prosents sjukefråvær), Helge Søndenå overtok eit gardsbruk i Sandeid og restaurerte fjøs og låve i gammal stil og Jenny Haugland Gundersen leiar den aktive lokalforeininga til Norsk forbund for utviklingshemma i Vindafjord.

 

SKJOLD:  Under nyttårsmottakinga, som denne gong var i Skjold Arena, fekk dei tildelt kulturpris, ærespris, næringspris, byggjeskikkpris og omsorgspris.

Prisane er diplom og kunstverk – og pengegåver på 5.000 kroner til rallykøyraren og 10.000 kroner til den lokale pårørandeforeininga.

Rådmann heldt tale

Kristian Birkeland, rådmann som går av til sommaren, fekk æra av å halda tale.

Han gjekk gjennom hendingar dei snart ti åra han har jobba i Vindafjord:

– Dei store nederlaga er at stamvegen aust-vest, E 134, ikkje blei følgt opp med nye midlar i Nasjonal transportplan, at kommunesamanslåinga med Etne ikkje blei noko av (det blei fullt fokus på spelet, og ikkje på innhaldet – ein sjanse gjekk ifrå oss), det blei ingen vindmøller på Døldarheia og på Bukkanibbo.

På plussida understreka Birkeland særleg den nye kommunen har gått frå raude tal i rekneskapen til ein sterk økonomi – fordi politikarane makta å prioritera. Folketalet har auka med 700 dei siste ni åra (ca. 8800 nå). I 2018 skal kommunen byggja nytt for 200 millionar og alt er finansiert – og ein god del er eigenkapital.

– Medvind Næringshage i Ølensvåg, Vindafjord tomteselskap med kommunal og privat eigardel, Familiens Hus som gir tverrfagleg hjelp til familiar og at ein endeleg (etter at den har vore etterlyst sidan ca. 1970) er i gong med å byggja gang- og sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg, peika rådmannen på som store nyvinningar. Kommunen sin store styrke er eit sterkt næringsliv med lokalt eigarskap. Det gjer at graset framleis er grønast i Vindafjord, meinte han.

Men rådmannen utfordra dei politiske partia til å finna fram til fleire kvinner og ungdommar til politiske ombod.

– Eg trur kommunen hadde tent på det, sa Kristian Birkeland.

RÅDMANN TALTE: Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord let avtroppande rådmann Kristian Birkeland tala på nyttårsmarkeringa i Skjold Arena. Rådmannen sa m.a. at eit sterkt næringsliv med lokalt eigarskap er eit av Vindafjords sterkaste kort.

RÅDMANN TALTE: Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord let avtroppande rådmann Kristian Birkeland tala på nyttårsmarkeringa i Skjold Arena. Rådmannen sa m.a. at eit sterkt næringsliv med lokalt eigarskap er eit av Vindafjords sterkaste kort. Foto: 

Musikk og kåseri

Medan etnebuen Steinar Aalvik imponerte med eit humørfylt kåseri om Vindafjord, aldeles utan manuskript – imponerte både vikebuen Vegard Skartland og gruppa Fyk frå Imsland med musikalske innslag. Den første song Vamp og Roger Aadland-melodiar medan Fyk varierte frå honky-tonk til blues og eigenskreve rock på dialekt.

Prisvinnar Roald Årvik treff du helst med saks, øks og raude merkepinnar han har laga sjølv, gjerne tre hundre i slengen, rundt om i Vikefjella. Han ryddar og merkar milevis av turstiar for alle.

– Dei som driv speidaren og får ungane dine glade i naturen, folk som blir redaktørar av sogeblad eller som driv bygdehusa – dei fortener æra, saman med alle andre som jobbar frivillig for at me alle skal ha det betre, sa han i takketala si.

Olav Granberg fortalde at rundt 1900 var garveria Norges tredje største industri, i 1950 fanst det 60 garveri i landet, i 1995 7 – og no er Granberg i Ølensvåg det einaste.

– Det er berre ei oppskrift: Frisk satsing og hardt arbeid med gode folk. Med 41,5 årsverk i 2017 og berre 1,48 prosent sjukefråvær og 30 millionar i nyinvestering dei siste ti åra er me godt rusta, sa Granberg i si takketale.

– Bilen, teamet og sjåføren, sa Daniel Holten då han takka for sin heiderspris – og meinte med det at han ikkje vann noregsmeisterskapen i rallycross åleine.

Han var best etter at alle seks rundane var køyrde og satsar friskt vidare.

NORSK MEISTER: Rallycrosskøyrar Daniel Holten frå Vikedal fekk heiderspris av Vindafjord kommune søndag. Her med ordførar Vierdal.

NORSK MEISTER: Rallycrosskøyrar Daniel Holten frå Vikedal fekk heiderspris av Vindafjord kommune søndag. Her med ordførar Vierdal. Foto: 

Helge Søndenå i Sandeid overtok eit spesielt gardstun. Han bygde nytt hus i gammal stil, så restaurerte han fjos og løe, med masse steinarbeid og store, flotte steingardar. Gardstunet ligg fint til på vegen opp mot Fjellstøl.

Søndenå fortalde at han sjølv hadde vore saman med snikkarane Åsmund Kalstveit og Geir Tveit om restaureringsarbeidet på løa.

– Det var ordentleg moro. Me kalla oss «Mått og ròte» og hadde det gildt saman i arbeidet.

Så heidra vindafjordpolitikarane i omsorgsutvalet ei pårørandegruppe med mange utfordringar og lite fritid: Lokallaget av NFU (Norsk forbund for utviklingshemma).

Leiar Jenny Haugland Gundersen fortalde om eit lite lokallag som har erfart at «me får ting til når me står i lag».