Unikt industrimuseum

Granberg Garveri opna i helga eit museum som bør ha interesse langt utafor eigne industriveggar.

Er du abonnent, les nettavisa til Grannar her.

  1. juni 2017 kl. 05:41 av Sirianne Vikestad

Med det fyrste du kjem inn i museet og arkivet, er det som å ta eit steg tilbake til 1950-talet og inn på kontoret til Karl Johan Granberg på Innbjoa. Den originale klokka heng på veggen, skrivepulten, døra til tørkerommet og verkstaden. Kvart eit bilete og kvar ein gjenstand, godt ivaretatt av Olav Granberg som opna museum i samband med at verksemda Granberg Garveri i Ølensvåg arrangerte open dag i helga.

— Kvar kjem samleinteressa frå?

— Det forstår eg ikkje sjølv, seier Olav Granberg med eit smil og grublar litt på spørsmålet.

— Det er jo berre tull å hiva det. Du hiver ikkje ein stol frå 1800-talet, seier han og peikar på den gamle kontorstolen til far sin.

— Pappa har lagt det på loftet og så har eg tatt vare på det, med tanke på å bruka det til nettopp dette føremålet, seier Olav Granberg.

Enorm utvikling

Kring år 1900 var garveri den tredje største industrien i Noreg. Då Karl Johan og broren Paul starta på Innbjoa i 1951 var det 60 garveri, der Granberg var eitt av dei minste. I dag er det berre bedrifta i Ølensvåg som har driftskonsesjon i Noreg, og er dermed størst i landet på garvng av sau- og reinsdyrskinn.

Du hiver ikkje ein stol frå 1800-talet

Olav Granberg, Granberg Garveri

Det er ikkje berre ei bedriftshistorie ein får høyre om og sjå i det vesle museet. Det er eit stykke norsk industrihistorie. At Granberg Garveri skulle utvikle seg til dagens 37 årsverk, med ein kapasitet på 80.000 skinn i året, hadde nok aldri 12 år gamle Karl Johan sett føre seg då han i 1932 bestemte seg for at det var garvar han skulle bli.

I dag er bedrifta ein av hjørnesteinsverksemdene i Vindafjord, og garveriet har dei siste 10 åra investert 30 millionar kroner i bygg og utstyr samtidig som etterspurnaden privat har auka kraftig.

Olav Granberg er viss på at bedrifta ikkje hadde klart seg utan gode medarbeidarar.

— Her jobbar alle, seier han og visar til dei mange ungdommane som har vore innom bedrifta i sommararbeid og dei som har jobba heile livet hos Granberg.

Lang prosess

Sidan 1970 har det vore 17 påbygg på grunn av auka førespurnad, og i bygga durar dei mange maskinane som blir brukt i behandlinga av skinn. Arbeidarane registrerar, pussar, blautar og finklypper, før dei vert lagt ut for sal.

Det er ein lang prosess skinna må gjennom før dei kan seljast, seier Anne Line Granberg og viser til at eit saueskinn må gjennom 30 prosessar berre i våtavdelinga.

Erling Endresen og kona Merethe frå Karmøy vart veldig overraska over kor omfattande og manuelt arbeidet med eit skinn faktisk er.

— Det har vore spennande og lærerikt. Overraskande å sjå kor mange som jobbar med det. Eg trudde at maskinane stod for det meste av arbeidet, men det ligg visst mykje manuelt arbeid bak kvart eit skinn. Det har vore kjekt å sjå, og nå forstår me kvifor eit skinn kostar så mykje også, seier Erling Endresen.

Viktig historie

— Det er imponerande det dei har fått til. Det er ikkje alle bedrifter som samlar på alt frå dag ein, seier Torleif Frønsdal.

— Det er kjempeflott at dei tar seg tid til slike ting i ein så travel kvardag som dei har. Å ta vare på historia er viktig. Du ser ikkje framtida utan fortida, meiner han.

Sigmund Tveit frå Bjoa er heilt einig. Han følgde bedrifta frå starten som nabo og er dermed spesielt interessert i det vesle museet som er laga og bedrifta si historie.

— Det er ei utvikling som sikkert ingen hadde tenkt seg. Men dei var jo veldig kreative begge brørne, seier Tveit og minnest dei som løysingsorienterte og flinke folk.