Jo eldre dyret er, dess tettare og lengre blir pelsen, og skinnet blir samtidig tjukkare. Fargane varierer naturleg frå einsfarga kvit til melerte kombinasjonar som grå/kvit, brun/kvit, svart/kvit og prikkete variantar. Kvart skinn er unikt.
Storleiken på skinna er målt langs ryggen.
Vaske- og stellråd er dei same som for saueskinn. Sjå nærare rettleiing under Tips og Råd.
Tilbake til kategorien - Norske geiteskinn, kjeskinn, kiddskinn og kaninskinn
Det er berre forhandlarar i Norge som kan logge inn og bestille varer via nettbutikken. Finn næraste forhandlar.
Bur du langt frå forhandlar? Ta kontakt med oss eller send ei prisførespørsel. Me sender direkte til privatkundar over heile landet og har ofte fleire størrelsar, kvalitetar og variantar tilgjengeleg enn det som er vist i nettbutikken.
Alle bilde i nettbutikken er illustrasjonsbilde.