Reinskinn, tørka bukk

Reinskinn, tørka bukk
Varenr.
1004321

Kvantumsrabatt

Loading...
Tørka norsk reinskinn av bukk med naturlege fargar og melerte sjatteringar. Skinnet er ikkje garva, men vaska, skava fri for kjøttrestar og tørka i spenn. Dette er eit tradisjonelt naturprodukt som eignar seg godt som sitjeunderlag eller liggjeunderlag ute i naturen. Kvart skinn er unikt med naturlege variasjonar i farge og mønster. Målt langs ryggen: 130-140 cm.

For å impregnere tørre skinn ekstra, kan ein male på baksida med benarolje eller kokt linolje. Då vil skinna trekke mindre fukt ved utebruk. Hugs alltid å henge skinnet til tørk etter bruk!

Tilbake til kategorien - Norske reinskinn, sitteunderlag og reinsdyrhorn

Det er berre forhandlarar i Norge som kan logge inn og bestille varer via nettbutikken. Finn næraste forhandlar.

Bur du langt frå forhandlar? Ta kontakt med oss eller send ei prisførespørsel. Me sender direkte til privatkundar over heile landet og har ofte fleire størrelsar, kvalitetar og variantar tilgjengeleg enn det som er vist i nettbutikken.

Alle bilde i nettbutikken er illustrasjonsbilde.