Saueskinn, 2. sort, pelssau

Saueskinn, 2. sort, pelssau
Varenr.
2001117

Kvantumsrabatt

Loading...
  • Saueskinn, 2. sort, pelssau
  • Pels 1B
  • Pels 1C
  • Pels 4A
  • Pels 3A
Norsk pelssauskinn med mjuk, fyldig og tett ull. Eit ekte norsk saueskinn som gir varme, komfort og eit naturleg uttrykk i heim, hytte og fritidsbustad. Pelssau er kjend for ekstra mjuk og dekorativ ull med vakker glans og naturlege variasjonar. Perfekt som dekorativt og komfortabelt underlag i sofaen, stolen eller på benken, og skapar ei lun og innbydande stemning året rundt. 2. sortering er eit godt val for deg som ønskjer eit ekte saueskinn til ein gunstigare pris.

Tilbake til kategorien - Norske saueskinn | Vaskbare saueskinn i fleire størrelsar

Det er berre forhandlarar i Norge som kan logge inn og bestille varer via nettbutikken. Finn næraste forhandlar.

Bur du langt frå forhandlar? Ta kontakt med oss eller send ei prisførespørsel. Me sender direkte til privatkundar over heile landet og har ofte fleire størrelsar, kvalitetar og variantar tilgjengeleg enn det som er vist i nettbutikken.

Informasjon om norske saueskinn:

Norske saueskinn frå Norsk Kvit Sau, Spælsau, pelssau og villsau er blant dei mest populære naturprodukta til bruk i heim, hytte, fritidsbustad og interiør.

Saueskinn finst i mange ulike rasar, fargar, storleikar og ulltypar. Som naturprodukt er kvart saueskinn unikt, og det vil alltid vere naturlege variasjonar i både form, ull og farge. For å gjere det enklare å velje rett skinn nyttar me følgjande sorteringssystem:

1. sortering
Skinn i 1. sortering er grupperte etter lengde målt langs ryggen i centimeter:

  • 90–100 cm
  • 100–110 cm
  • 110–120 cm
  • 120–130 cm (svært avgrensa tilgang)
  • Kvite og ubleika skinn kjem hovudsakleg frå rasane Norsk Kvit Sau og Spælsau.
  • Pelssau og villsau er eigne kategoriar.
  • Spælsau, bles og blandingsrasar vert som regel sorterte som brun eller gråmelert.
  • 1. sorteringsskinn kan ha mindre og ubetydelege naturlege feil.


2. sortering
Skinn i 2. sortering har varierande storleik, vanlegvis frå 80–110 cm. Moglege manglar kan vere:

  • Avkappa fot
  • Saumar
  • Eitt eller fleire mindre hol
  • Feil eller ujamnheiter i ulla

Desse manglane har som oftast liten betydning for bruken av skinnet.


3. sortering
Skinn i 3. sortering har meir omfattande feil, til dømes:

  • Større hol
  • Mange saumar
  • Hårlause område
  • Manglande delar av skinnet

Klikk her for meir informasjon om sauerasane i Norge.

Alle bilder i nettbutikken er illustrasjonsbilder. Hvert saueskinn er et unikt naturprodukt, og farge, form, ulltype og uttrykk vil kunne variere fra saueskinn til saueskinn.