Besøk frå Fitjar Husflidslag

Granberg Garveri fekk i dag gleda av å ta imot ein hyggeleg gjeng frå Fitjar Husflidslag til omvising ved garveriet, museet og eit besøk i fabrikkutsalget.

Besøket starta med ein rundtur inne i sjølve garveriet, der deltakarane fekk eit innblikk i prosessane og korleis skinn blir foredla i praksis. Her fekk dei også sjå døme på arbeidet med både reinskinn og saueskinn.

Vidare vart det vist ein film som gir eit historisk perspektiv på verksemda og utviklinga av Granberg Garveri gjennom tidene.

Turen gjekk deretter vidare til museet, før besøket vart avslutta i fabrikkutsalet. Her fekk gjestene høve til å sjå nærare på produkta og eventuelt handle med seg varer heim.

Granberg Garveri takkar for eit svært kjekt besøk, og ønskjer alle hjarteleg velkomne tilbake ved ein seinare anledning.

For dei som ønskjer å besøkje fabrikkutsalet, finn ein meir informasjon på granberggarveri.no/fabrikkutsalg.

fabrikkbesok-001-6.jpg

 

fabrikkbesok-001-5.jpg

 

fabrikkbesok-001-4.jpg

 

fabrikkbesok-001.jpg