Det skal ikkje mykje til for å skape noko unikt. I restekassen vår finn du eit variert utval av skinnbitar og lærrestar i ulike fargar, storleikar og kvalitetar. Me har alt frå myke restar av saueskinn og rustikke reinskinn til slitesterke lærtypar og kuskinn. Dette er eit perfekt tilbod for deg som driv med handarbeid, redesign eller treng litt skinn til ein rask reparasjon i heimen.
Kva kan du bruke skinnrestane til?
- Små DIY- og hobbyprosjekt: Lag eigne nøkkelringar, armband, korthaldarar, bokmerke eller stilige detaljar til klesplagg.
- Kreativ bruk av saueskinn og reinskinn: Bruk myke restar av saueskinn til sitjeunderlag, stolpolstring, maskelappar, leiker eller koslege interiørdetaljar.
- Reparasjon og gjenbruk: Bøt eit hol i favorittjakka, forsterk ein veskestrapp, skift ut slitte skinndetaljar på møblar eller lag sitjelappar til utetur.
Ved å nytta våre skinnrestar, saueskinnrestar og reinskinnrestar gjer du ikkje berre ein god handel til ein svært hyggeleg pris – du bidreg også til berekraft og gjenbruk ved at verdifulle naturmateriale kjem til nytte i staden for å gå til spille.
Velkomen innom fabrikkutsalet i Ølensvåg!
Innhaldet i restekassen varierer frå dag til dag alt etter kva me produserer. Det lønar seg derfor å svinge innom med jamne mellomrom for å sjå kva skattar av saueskinn, reinskinn og lær som har dukka opp.
Åpningstidene våre er:
Mån-tor 10-16 | Fredag 10-17 | Laurdag 11-14
Finn oss her
Velkommen 
Sjå fleire produkt her.