Hjartestartar

Granberg Garveri har fokus på HMS og me har no fått installert hjartestartar i våre lokale.

Dersom tilsette eller andre besøkande skulle få akutt hjartestans, så har me hjartestartaren klar. Den er strategisk plassert nær produksjonslokala. Startaren er robust og tåler f.eks. vatn og støv. Den er enkel i bruk med rolege taleinstruksjonar på norsk. Den har også eit ekstra sett med elektrodar som er tilpassa barn. 

Ambulansearbeidar Kari Granberg Lund har hatt kurs for oss. Dermed har no alle tilsette fått nødvendig opplæring i både bruk og førstehjelp.

Kurs hjertestartar.jpg

Bruk av hjartestartaren.

  1. Sjekk om personen er bevisst. Rop til og rist forsiktig i vedkomande. Dersom ingen reaksjon tilkall hjelp frå personar i nærleiken.
  2. Dersom du har mistanke om at ein person har fått hjartestans, legg han/henne på rygg og sørg for opne luftvegar.
  3. Ring først 113 og start HLR (hjarte-lunge-redning) med ein gong, 30 brystkompresjonar og 2 innblåsingar som du gjentek til hjartestartaren er på plass.
  4. Når hjartestartaren er på plass, må ein først rive/klippe av klede og feste elektrodane på brystet, helst mens HLR (30:2) pågår. Det er viktig at huda til pasienten er tørr.
  5. Følg talerettleiing frå hjartestartaren.
  6. Ikkje rør pasienten når hjartestartaren analyserer. 
  7. Dersom hjartestartaren gir beskjed om sjokk, sjå til at ingen rører pasienten og trykk på sjokk-knappen.
  8. Dersom hjartestartaren gir beskjed om at sjokk ikkje skal gis, start straks HLR (30:2).
  9. Hald fram med å følgje instruksjonane frå hjartestartaren til meir kvalifisert hjelp kjem fram og kan ta over, eller til pasienten startar å puste normalt.
  10. Det er slitsamt å utføre HLR, så det kan vere bra at fleire vekslar på utføring.

Sjå også film frå Røde Kors Førstehjelp.

 

Hjartestartarar i Ølen (Norsk Hjertestarterregister):

Hjertestartar_1.JPG

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer