NAPPA, MOCCA, NAPPALAN

Til deg som syr og produserer noko i skinn og pels. Nå har me godt utval i skinn av typane: mocca, nappa, pelsmocca og nappalan i rein, hjort, elg, geit og lam.

 

MOCCA betyr at det er baksida (kjøttsida) som er mest behandla og fint slipt.  Det er denne sida som skal bli  utside på aktuelt plagg/artikkel som blir laga.

NAPPA betyr at det er narvsida (der håra/pelsen har vore) som er mest behandla og gjort glatt. Det er den glatte sida som blir nytta som utside. Nappaskinn er meir vann/fukt- avvisande enn mocca-skinn. 

PELSMOCCA av lam har ei pelslengde på ca. 8 mm og ei bakside som er behandla for å vera utside på det plagg ein syr.

NAPPALAN av lam er det same som pelsmocca, men baksida er i tillegg belagt med eit farga belegg (impregnering) som framstår som vannavstøytande. 

Foto av dei ulike typar viser også litt av fargeutvalet me kan tilby nå. Er dette av interesse? Oppgi din mail adresse til post@granberggarveri.no eller bruk vårt tilbakemeldingsskjema, så kan me sende prislister med varenummer. 

Alle som kjøper for minst kr 2.500,- får eit kvitt kjeskinn (verdi kr 215,-) gratis.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer