Tørking

Før var tørking ein mykje brukt konserveringsmetode for skinn, truleg fordi det var billegare enn å kjøpe salt.

Dette er framleis ein brukbar metode for somme skinn, som f.eks. kiddskinn. Heng dei på ei snor og la beina hengje på som strekklodd til skinna er tørre. Kapp dei av før levering.

Pelsdyrskinn blir framleis tørka, men i tørkeskap som bransjen nyttar. Tørking av større skinn kan by på praktiske problem. Ved tørking må ein ha både god plass og god tørkevind. Tørking ved spikring på vekselpanel er og ein brukbar metode. Ikkje strekk kraftig ut, men la det bli spikra i sin naturlege storleik. Under tørking vil skinnet strame seg opp sjølv. OBS! Unngå soltørking!

Det er viktig at skinna blir 100% tørre i tide. Elles får det konsekvensar for sluttresultatet. Skinna kan få surflekker (hårlause flekker). Salting etterpå nyttar ikkje. Å lagre tørre skinn på fryseri er ei god tilleggskonservering. Eit tørka skinn vil ikkje bli fullt så mjukt som eit salta skinn etter at det er pelsbereda eller garva.