Ofte stilte spørsmål

Me får ofte spørsmål på telefon, facebook eller e-post frå kunder som har sendt eller ønsker å sende skinn til oss for leigeberedning. Her er ei liste over dei mest vanlege spørsmåla med svar:

  • Kor lang tid tek det frå ein sender skinn til ein får skinna ferdige i retur?
    Behandlingstida vil avhenge av skinnslag. Saueskinn til dømes får me veldig store kvantum av. Då reknar me 6-8 månader frå REGISTRERINGSDATO. Det vil seie frå den dagen skinna er merkte med nummer, lagt i eit parti og salta ned på ny hos oss. Andre skinntypar, sjå leigeberedning. 
  • Kvifor tek det så lang tid?
    Stor auke på innkomne skinn fører til lengre ventetid. Hasplane (vaskemaskinane ) våre tek 250 - 300 saueskinn i kvart parti. Våtprosessane tek ca. 10 dagar, tørketid 2 dagar og ferdigstilling ca. 3 dagar. Det blir teke i arbeid opptil 1.300 saueskinn kvar veke og tilsvarande blir ferdige kvar veke, men å få gjennom 50.000 saueskinn på eit år tek si tid. 
  • Er det trygt for baby og sove på skinna?
    Me sel skinn som er berekna som babyunderlag. Saueskinna er då ufarlege å liggje på. Saue- og lammeskinn får ein beredningsprosess som er utvikla gjennom 50 år. Me kjenner ikkje til at den er skadeleg for verken store eller små. 
  • Korleis gjer me når me ska sende inn skinn?
    Sjå informasjon om pakking og sending.
    Det er viktig at skinnet er salta, tørka og godt pakka så ikkje eventuelle avrenningar skadar andre sine pakkar som kjem med posten og posten sine sorteringsanlegg blir tilgrisa.
  • Korleis kan eg finne ut når eg kan rekne med å få skinna mine i retur?
    Når ein etterlyser skinn er det enklast å sende oss ein e-post eller bruke tilbakemeldingsskjema.
    Hugs å få med kva for namn skinna er registrert på, adresse, postnummer, telefonnr. og anna relevant informasjon (gjerne når dyra er slakta og ved kva for slakteri). Då kan me hjelpe deg best mogeleg. 
  • Skinn til reins/vask. Gjer de slikt?
    Ja me tek mot skinn til reins og vask. Det er viktig å merke tydeleg utanpå pakken at skinna skal reinsast/vaskast. Då hamnar ikkje pakken på hudlageret hos oss saman med ubehandla skinn. Sjå ellers informasjon om vasking og reinsing av saueskinn.