Sendemåtar

Sjå også Pakking og sending.

For mindre kolli inntil 35 kg, er Posten mest prisgunstig.

Er vekta over 35 kg, kan ein sende fleire kolli (skriv antall kolli utanpå kvar pakke, slik at me får behandle dei samla.)

Sjå posten sine prisar her: Prisliste Posten

Større sendingar: Pallar, partilass - må sendast med andre transportørar. Hugs å avtale frakt på førehand.

Send skinna til følgjande adresse:
Granberg Garveri AS
Bjoavegen 187
5582 Ølensvåg
Mob: 948 76 330


Tar du i retur skinn frå slakteriet - be dei sende skinn samla til oss. Me har samband med dei fleste slakteria i landet.
Personlig innlevering kan skje "til alle døgnets tider", sjå her.

Skinn kan også leverast til:
Kongsberg: Blå kontainer som står ved Kornsiloane til Felleskjøpet på Skrubbmoen på Kongsberg. Felleskjøpet har adresse: Skrubbmoen 9, kontaineren står like ved. Sjå foto.

 

Conteiner Kongsberg_1.jpg

Viktig:
Hugs å skrive tydeleg avsendars namn og postadresse, telefonnummer og epostadresse, antall kolli og eventuell behandlingsmåte (f.eks. farge), på kvar pakke du sender oss.


Me kan også hente med lastebil i Sør-Norge. Normalt har me kjøreruter bl.a. langs: E 134, R 7, E 6 i Gudbrandsdalen, R 3 Østerdalen.

Ta gjerne kontakt - Mobil lastebil 95 21 78 18.