Mindre sendingar inntil 35 kg kan sendast som postpakke.
Større sendingar kan sendast med fraktbil. Granberg Garveri AS har fraktavtale med Bring Logistics. Bestill henting ved mail til: booking.stord@bringlogistics.no. Bring Cargo hentar på oppgitt adresse og der må det vere folk til stades.
Dei sender Granberg Garveri AS faktura på frakta som me belastar oppdragsgjevar. Mail proforma faktura til både Bring Cargo og Granberg Garveri AS.
For å unngå forseinkingar og stopp i tollen, må ein proformafaktura følgje sendingane. Denne proformafakturaen må også sendast i posten eller som mail til oss. Ein proformafaktura skal ha følgjande innhald:
- Namn på avsendar, adresse, postnummer, poststad, telefonnummer, mailadresse.
- Mottakars namn/adresse:
Granberg Garveri AS
Bjoavegen 187
N-5582 Ølensvåg
- Dagens dato:
- Antall kolli:
- Antall skinn:
- Type skinn:
- Verdi på skinn:
- Total:
- Sendemåte:
Viktig påskrift: "Desse skinna skal bearbeidast i Norge (Granberg Garveri AS) og deretter returnerast til oppdragsgjevar (ditt namn) i ..... (Land) ".
VIKTIG – Opplys til transportør/fortollar at:
Ved fortolling må «midlertidig innførsel» med prosedyrekode 51 brukast, som betyr «midlertidig innførsel av industrivare for beredning».
Eksempel på ein proforma faktura.