Kven kan sende inn skinn?
Både privatpersonar, bønder, slakteri og andre verksemder kan sende inn skinn til Granberg Garveri.
Alle er velkomne til å nytte tenestene våre.
Sjå praktisk informasjon om salting og sending før innsending.
Kor lang tid tek det å få skinna ferdig i retur?
Behandlingstida varierer etter skinnslag og innkomne mengder.
• Saueskinn: Normalt 6–8 månader
• Tida reknast frå registreringsdato, det vil seie den dagen skinna blir mottekne, nummererte, lagt i parti og salta på nytt hos oss.
• For andre skinnslag, sjå informasjon om leigebereiding.
Kvifor er behandlingstida så lang?
Årsaka er høge volum og ein grundig, tidskrevjande prosess:
• Hasplane (vaskemaskinane) tek 250–300 saueskinn per parti
• Våtprosessane tek ca. 10 dagar
• Tørking: ca. 2 dagar
• Ferdigstilling: ca. 3 dagar
• Det blir behandla opptil 1.300 saueskinn per veke
Med opptil 50.000 saueskinn i året, tek det tid å få alle gjennom produksjonen.
Er saueskinn trygge for babyar å liggje på?
Ja.
Me sel saueskinn som er berekna som babyunderlag. Desse skinna er trygge å bruke og ufarlege å liggje på.
Saue- og lammeskinn gjennomgår ein beredningsprosess utvikla og vidareført gjennom meir enn 50 år, og vi kjenner ikkje til at denne prosessen er skadeleg for verken barn eller vaksne.
Kor mykje salt skal eg bruke på skinnet?
Vi tilrår om lag 7 % salt av kjøtvekta på skinnet.
👉 Sjå detaljert forklaring under praktisk informasjon om salting.
Korleis sender eg inn skinn?
Skinnet må vere:
• godt salta
• tørka
• forsvarleg pakka
Dette er viktig for å:
• hindre avrenning under transport
• unngå skade på andre sendingar
• hindre tilgrising av posten sine sorteringsanlegg
👉 Sjå informasjon om pakking og sending før du sender.
Korleis finn eg ut når skinna mine blir ferdige?
Dersom du ønskjer å etterlyse skinn, ta kontakt med oss på:
e‑post, eller tilbakemeldingsskjema på nettsida
Hugs å oppgi:
• namn skinna er registrert på
• adresse og postnummer
• telefonnummer
• gjerne tidspunkt for slakt og eventuelt kva slakteri som er brukt
Dette gjer det enklare for oss å hjelpe deg raskt.
Tek de imot skinn til reinsing og vask?
Ja, vi tek imot skinn til reins og vask.
Det er svært viktig at: dette er tydeleg merka utanpå pakken
Då blir sendinga handtert korrekt og ikkje lagt på vårt hudlager saman med ubehandla skinn.
Sjå meir informasjon om vasking og reinsing av saueskinn.